SamRørsle

SamRørsle er mobilfrie samlingar for små grupper der vi tenker og skapar saman, for ei betre verd. Vi møtes over eit tema eller ein aktivitet, for å ha det kjekt, og kanskje utvikle idear som kan ha positive ringverknadar for fleire enn oss som er tilstades. 

Felles for kveldane er ein form for aktivitet som hendene kan bedrive, enten det er keramikk, handarbeid, reparasjon eller anna.

Eg har ikkje laga ein SamRørslekalendar for 2026 da no studerer og har litt mindre kapasitet i år. Men når eg har anledning, legg eg nye arrangement ut på Spond. Bli med så du får varsel. 

Eksempel på SamRørsleaktivitetar

Nokre skjer i Barstadvik, andre i Ålesund. For invitasjon og påmelding, bli med i SamRørslegruppa på Spond

Frøbytte og vårdraumar

Vi parkerer mobilen, utvekslar frø, dyrkeplanar og drøymer oss til vår og spiring. Har du overskudd av frø, så ta gjerne med og del. Rørsleriet stiller med ulike papir til å lage frøposer, og litt male og tegneutstyr. Heilt enkelt, mykje kos og null prestasjonskrav. 

Kanskje tek du med heim både ting som kan spire fysisk, og andre spirar som gir ny inspirasjon i livet? 

Dugnadsring

Vi har alle sikkert prosjekt liggande som er vanskelige å ta tak i. Alt vert lettare når ein er fleire. Og det er på sett og vis gøyare å jobbe hjå andre. 

Denne samrørsleaktiviteten handlar om å samlast på dugnad, ein gong heime hjå deg, ein gong heime hjå meg, og ein gong hjå tredjemann. Den som er vert stiller med arbeidsinstrukser og noko å bite i. Ein sosial aktivitet der vi får noko gjort, samtidig som vi har det kjekt. Prosjekta kan handle om planting, rydding, bygging eller noko heilt anna.

Gruppene vert organisert på Spond når det er nok deltakere med prosjekt og lyst til å bli med. 

Refleksjon med leire

Leire er eit flott material å "tenke med". Når vi beveger hendene våre og sansar eit responsen i materialet, hjelper det oss å skape nye tankar. Eg har vore med på mange møter der vi reflekterer saman rundt ei problemstilling, paralellt med at vi formar noko med hendene. Dette ynskjer eg fleire skal oppleve. 

Har du vanskelige tema du må ta opp. Når du har noko i hendene, slepp du å konstant sjå den andre i ansiktet, og du kan dvele litt lengre før du pratar. Alle er litt opptatt med å "kan eigne tankar". Dette gir djupare samtalar og meir kreative tankeprosessar. 

TLC til fjellsko og anna skinn

Mine sko får altfor lite kjærleik og omsorg. Spesielt fjellskoa som gir slike gode opplevingar utan å få noko i retur. Det vil eg gjere noko med på denne Samrørsla. 

Ta med sko og gammalt tøy du kan bruke til pussefille. Eg stiller med lærfeitt og ei kort, men god nevrorørsleøkt. Alle sammen skaper til saman ei god stemning. 

Reparer og ReDesign

I dagens samfunn kjøper og kastar vi for mykje. Det kjennes ofte bedre ut å reparere ein gensar du er glad i, enn å kjøpe ny. Og om ein klarer å skape noko av det andre ser på som avfall, ja da kjennes det ut som om ein er smartare enn omverda.

På Reparer og ReDesign kveldane tek du med noko du vil fikse og reparerer det, saman med andre. Som oftast er det snakk om klesreperasjon, men du kan ta med det du vil. Men det er da også lurt å ta med det verktøyet du har, sidan ikkje det er begrensa tilgang på verktøy på Rørsleriet