Aktivitetar
Rørsle er essensielt i læring og utvikling, og i å bevare god helse. På Rørsleriet kan du lære NevroRørsle for ditt eige eller ditt barns velvære og utvikling, eller du kan delta på SamRørsle, mobilfrie samlingar for små grupper der vi tenker og skapar saman, for ei betre verd.
Les meir under eller gå rett til kalendaren for starte di rørslereise.
Ulike Rørsletilbod
NevroRørsle
NevroRørsle er min norske oversetting av Anat Baniel Method® NeuroMovement®. På eit kurs i NevroRørsle utforskar du skånsomme varierte rørsler på din måte. Du vil lære kjenne når du spenner deg unødig, og kunne skape nye smidigare rørsler for deg sjølv. Etter ein time er det ulikt kva folk kjenner, men dei fleste kjenner seg "meir jorda" og søv betre.
Eg har studert direkte med Anat Baniel og er ein av to sertifiserte ABM® NeuroMovement® Practitioners i Norge. Eg tilbyr NevroRørsle som gruppetimar til vaksne, og privattimar i 4 dagars bolkar til vaksne og barn.
Last ned Spond og bli med på kurs i NevroRørsle
SamRørsle
Vi mennesker tenker best når vi rører oss, og når våre tankar kan møte andre sine. Gode dialogar oppstår gjerne når vi samlast over ein aktivitet som involverer rørsler, enten det er handarbeid, bygging, dugnad eller noko anna. Noko kropp og hender kan drive med medan vi tenker. Helst utan mobiltelefonar og andre distraksjonar som drar merksemda vekk fra oss sjølve og dei rundt oss.
SamRørsle er mobilfrie arrangement der vi bevegar oss, og reflekterer saman. Og kanskje blir vi bevegd til å starte ei ny rørsle?
Last ned Spond og finn dine folk på SamRørsle.
FolkeRørsle
FolkeRørsler har skapt store endringar i samfunnet gjennom historia. Rørsleriet tilbyr ikkje FolkeRørsler, men dei gode ideane som vert skapt og foredla på Rørsleriet, kan skape ringverknad og bidra til å gjere verda til ein betre stad.
Om du kjenner deg handlingslamma og overvelda, kom på SamRørsle og finn andre å reflektere og handle saman med. Vi tek også i mot tips om tema for SamRørslekveldane.
Rørsleriet er ikkje på sosiale media. Så om du vil få informasjon må du ta i bruk appen Spond, eller sjølv følge med på denne nettsida. Du får tilgang til Spondgruppa ved å sende meg ein e-post. Eg sender ein link tilbake.