NevroRørsle
NevroRørsle er mitt norske ord for Anat Baniel Method® NeuroMovement® .
Eg har studert direkte med Anat Baniel og er ein av to sertifiserte ABM® NeuroMovement® Practitioners i Norge. Eg tilbyr NevroRørsle som gruppetimar til vaksne, og privattimar i 4 dagars bolkar til barn og vaksne.
Du kan sjå videoar og lese meir om metoden på engelsk på nettsidene til kvinna bak metoden Anat Baniel. Du kan også laste ned mi brosjyre på norsk ved å klikke på linken under.
Ulike måtar å lære NevroRørsle på
Privatundervisning
Ein privat time er 100% tilpassa den enkeltes student sine behov og evner. I NevroRørsle kallar vi kunden for student, da formålet med timen er å stimulere til erfaringsbasert læring.
Studenten kan vere nokre få dagar gamal, over 100 år eller noko i mellom. Undervisninga vert gitt som ein kombinasjon av verbale instruksjoner, og små skånsomme rørsler utført av ABM® NeuroMovement® practitioner. Dette hjelper studenten å bli merksam på kva hen gjer, og indikerar samstundes alternative måtar.
Ved hjelp av rørsler og dei 9 læringsprinsippa, blir studenten merksam på eigne rørsler og unødige spenningar kobla til rørsler utført på "autopilot". Dette åpner muligheter for nye rørsle - og tankemønstre som er meir effektive, og mindre belastande.
Pris for ein privattime (45 min) er kr 1350,- Ved booking av intensive med 6 timar eller meir kostar timane kr 1200,-
Gruppeundervisning
I ein gruppetime vert du kun verbalt guida og gjer rørslene sjølv. Du vil bli informert om dei 9 læringsprinsippa, men det er opp til deg å praktisere dei.
Gruppetimane gir god øving i å auke eigen evne til å sanse og observere seg sjølv på ein ikkje-dømmande måte, og bli bevisst tankar og rørslemønstre. Det finnes ingen rett og gal måte å utføre rørslene på, og kva "naboen" gjer er irrelevant. Du har merksemda retta på kva du føler når du beveger deg.
Dersom du lider av fibromyalgi, ME eller kronisk utmatting, anbefales det å ta privattimar framfor å delta på gruppetimar. Da er det større rom for individuell tilpassing, både med tanke på lengda på timen og tid mellom timane.
Ønsker du delta på gruppekurs, sjekk kalendaren. Om du ønsker å bestille gruppekurs for ei gruppe eller eit firma, ta kontakt via linken under.
Intensivkurs / Retreats
Den mest effektive måten å skape endringar på er å gjennomføre 4-10 stk timar innanfor ei tidsperiode på 2-5 dagar. Dette vert kalla "intensiv".
Virkninga kan ein observere under timen, eller i etterkant når barnet utforsker verden og har meir rørsler tilgjengelig, eller virkar meir våken og tilgjengelig for læring. For vaksne er det også godt å legge timane nærme kvarandre, da det muliggjer fleire endringar og betre integrering av læringa.
Etter ein intensiv er det anbefalt å ta ei rolig periode der nervesystemet kan få integrere den nye informasjonen. Ein bør ikkje bli frista til å kjøre på med ekstra trening om ein oppdager at barnet eller ein sjølv har ny funksjonalitet. Gi barnet, og deg sjølv, ro under og etter ein intensiv, for at endringane skal bli meir varige.
Ein Retreat er eit intensivt undervisningsprogram i ein lokasjon der ein kan få ro til å integrere læringa, i gruppe eller 1:1 format
Tilbakemeldingar ABM NeuroMovement studentar
Smertereduksjon
Mine langvarige hoftesmerter er blitt borte, og har ikkje kome tilbake.
Kvinne, 70 åra, 7 vekers gruppekurs, 1 time i veka
Sinnsro
Eg har aldri før kjent meg så roleg og harmonisk!
Kvinne, 30 åra, gruppekurs på 4 timar over 2 dagar
Auka mobilitet
Eg kjenner armane kan bevege seg friare, og eg kan bøye meg mykje nærmare bakken. Det er ikkje lenger ei utfordring å klippe tåneglane!
Mann i 70 åra, 1 privattime
Vitalitet og balanse
Etter kvar time gong eg forlot ein time kjente eg meg lettare til beins og til sinns. Eg har betre balanse og mindre vondt
Mann i 70 åra, intensiv på 6 timar
Auka rørslefridom i skuldre
Utgangspunkt vonde skuldre og søvnproblem
Eg har knesmerter frå 25 år fotballspeling, og har operert menisken i begge knea, men dei er framleis smertefulle dersom eg belastar dei for mykje. Eg har hatt smerter i begge skuldrene i same periode, med forkalkingar og senebetennelse i begge skuldre. Eg har "prøvd alt" bortsett frå operasjon: fysioterapi, fleire osteopatar, akupunktur, tradisjonell kinesisk medisin med kopping, akupunktur, massasje, ultralyd, kortisonsprøyter, av og til med midlertidig lindring, men smertene kjem alltid tilbake, så eg har berre akseptert å leve med det og unngår smertefulle rørsler, som å ha armane i vêret, måle, vaske vindauge for ofte, løfte kvinner i vêret på Dirty Dancing-måten :) Om eg hadde noko håp for økta, var det kanskje å sove betre. Eg sovnar lett, men eg får aldri ei god natts søvn. Eg vaknar ofte kl. 3-4-5 og trur det er morgon, og eg står opp trøytt fordi eg ikkje har sove nok...
ABM NeuroMovement var veldig mildt. Du inviterte meg til å gjere nokre rørsler, og såg raskt at bekken og bryst ikkje deltok i rørslene. Du gjorde nokre små rørsler på sentrale stadar slik at eg skulle bli merksam på at områda kan bevege seg for å avlaste mindre muskelgrupper i nakke og skuldre. Vi merka begge at kroppen min responderte godt, og etter berre ein time følte eg meg meir smidig. Eg hadde meir rørsle i skuldrene, eg kunne bevege meg meir utan smerte, og det er ganske magisk, synest eg, etter ei lita økt. Eg var ganske sliten etter økta, og la meg tidleg. Eg vakna tidleg som vanleg, men med meir smidighet i skuldrene, og eg er verkeleg imponert! Det er heilt fantastisk og eg håper det varer. Eg veit og reknar med at kroppen har ein tendens til å gå tilbake til gamle vanar, men eg har allereie bestemt meg for at eg vil ha ei økt til ved neste anledning for å lære meir!
Mann, 40 åra, 1 privattime
Vitality and learning in later part of life
Utgangspunkt Stiv etter ryggoperasjon og kjente på begrensing i balanse og rørslefridom.
Jeg fikk spondilolitese mellom L4 og L5 og spinal stenose i samme område, med påfølgende operasjon for avstiving. Rehabiliteringa gikk sakte, og muligheten til å gjøre aktiviteter jeg liker var begrenset pga smerter eller frykt for å bli ytterligere skadet. Metoden har gitt meg en mulighet til å bli kjent med kroppen min på en ny måte, gjennom å erfare ulike nye bevegelser og å kjenne etter hvordan kroppen responderer.
Jeg har høstet erfaringer både på det mentale og fysiske plan: Jeg har erfart at føttene har blitt mere jorda, jeg står stødigere, jeg går mer avslappet, har bedre balanse. Mannen min sier at jeg virker mer ledig i kroppen, beveger meg lettere og mer uanstrengt. Jeg har fått større fart, selv om jeg faktisk har lært med å gjøre ting i saktere tempo.
Jeg har i løpet av disse to ukene ikke brukt staver når jeg har gått turer, og har allikevel kjent med trygg. Jeg har greid å være mer konsentrert, og ha med hodet, når jeg er aktiv. Jeg har fått mer bevegelighet og er friere, tør mere. Jeg har fått tilbake troa på at jeg kan gå mer på ski denne vinteren.
Så tusen takk for erfaringene og framgangen du har gitt meg, Ann Iren, du er dyktig, omsorgsfull og genuint interessert i mennesker. Dette er har vært to uker med inspirasjon til videre utvikling, selv om jeg er en gammel dame.
Kvinne, 70 åra, 7 privattimer over 2 veker
Increased attention and new motorskills
After the intensive we noticed that he started exploring toys with more attention than before. He was more calm. He used to lose interest half way when I read him books, but he now showed interest until the final page of the book. But most significantly, he started climbing stairs of his own, and started playing with a ball in the playground. And we see from his body language that he is more confident. We are trying our best to help him overcome his challenges. ABM® gives us hope with confidence that our son will make it possible one day. We are eagerly looking forward to the next intensive.
Parents of four year old, diagonosed with delayed development and ASD
Auka fokus, vitalitet og drivkraft til å lære
Vår datter har praktisert ABM NeuroMovement i mange år, og utvikler stadig nye evner. Dei siste to åra har ho hatt regelmessige privattimar hjå Ann Iren.
Timane har hjulpe henne å utvikle motoriske evner og demonstrere kognitiv styrke. Ho er meir oppmerksom på egne rørsler, ho organiserer dei betre og er i stand til å vere fokusert over lengre tid. Ho søv også betre.
Etter timane opplev vi at ho er meir nysgjerrig år åpen for nye måtar å gjere ting på. Ho er oppmerksom i timane, og straks ho erfarer noko nytt tar ho det med seg vidare. Ho praktiserer det heime og forsøker ta det i bruk i kvardagen. I det siste har ho gått fra "bunny jumping" til å gå på alle fire. Ho forflytter seg no enklare på eiga hand. Vi ser timane gir henne auka vitalitet, drivkraft og læringslyst. Ho har blitt veldig god på å lære nye ting.
Foreldre til 11 år gammel jente med forsinka utvikling og epilepsi, regelmessige intensiver over fleire år
Auka energi
Etter gruppetimane kjente eg meg svært trøytt. Men etter å kvilt fekk eg ein enorm energi. Husarbeidet gjekk unna i ein fei!
Kvinne, slutten av 40 åra, 4 gruppetimar over to dagar.