Om meg


Vi har alle vår heilt unike rørslereise. Opplevingar som blir til læring og refleksjon. Eg trur ikkje mi rørslereise er viktig for andre enn for meg. Men eg er kanskje meir opptatt av rørsle enn andre og ser livet ofte gjennom eit rørsleperspektiv, sidan eg har oppdaga at eg treng jevnleg påfyll av rørsler for å leve godt. Mange ulike rørsler. Så her er mi rørslereise oppsummert, for spesielt interesserte. 

Mi rørslereise


Mi rørslereise starta med at kroppen ikkje lenger ville vere med på det hovudet ville. Eg er utdanna sivilingeniør, og hadde draumejobben som prosjektleiar innan energi og miljø internasjonalt. Eg skapte og gjennomførte prosjekt, og fekk brukt heile meg. Kanskje litt for mykje. Autoimmune plager vert det ofte kalla, det som satte meg tidvis ut av spel, skapte stagnasjon, store smerter i kroppen, og tåke i hovudet. Første positive vending kom på ein yogaretreat på Kreta. Plutselig var ikkje ledda vonde lenger, og eg innsåg at plagene truleg ikkje berre var arvelig betinga, men kanskje også litt sjølvforskyldt. Eg søkte og fekk innvilga eit friår fra jobben, og prøvde å leve slik eg levde på yogaretreaten for å sjå om eg kunne få kroppen til å fungere betre meir varig. Eg endte opp med å studere yoga , ayurveda og thai yoga massasje, og snu heilt rundt på heile livet. Eg flytta heim til Sunnmøre, dreiv yogastudio saman med andre, og delte det eg hadde lært som eg syntes funka. Eg hadde lært at eg måtte hente meir livsråd innanifrå og truleg måtte røre meir på meg enn andre for å halde meg frisk. Så kontorjobb var ikkje lenger eit alternativ.

For å reduserer presset til å tjene nok til livets opphald på yogundervisning, tok eg meg ein deltidsjobb der eg fekk bevege seg gjennom dagen, barnehage. Til mitt hell var dette ein fantastisk Reggio Emilia inspirert barnehage som såg verdi i min interesse for rørsler, og gav meg ansvar for å følge opp barn med spesialbehov. Vi jobba aktivt med planløysingar, materialer, terapiformer og aktivitetar slik disse barna skulle få gode og lærerike dagar, og like muligheter som dei andre til å delta i sosialt samspel. Eit av barna eg jobba med begynte å gjere store hopp i utviklinga etter å ha vore vekkreist på noko foreldra kalla ABM intensiv. Eg vart fascinert, og vart etterkvart med denne familien på eit intensivkurs. Dette kjente umiddelbart at det var noko her eg måtte lære.

Fra 2019-2022 tok eg grunnutdanninga ABM® NeuroMovement® i USA, og i 2024 påbygging for å kunne jobbe med barn med utfordringar. ABM® NeuroMovement® er ikkje berre eit verktøy som boostar barns utvikling, men også ein læringsmetode vi kan ta i bruk heile livet, uansett alder og utfordring. Det er i dag mitt primære verktøy for å leve eit godt liv. Utover å praktiserer og dele rørsler, elskar eg å røre meg i naturen, bli rørt av andres idear og kunnskap (gjerne på kurs), og ta del i skapande aktivitetar saman med andre. Ved sidan av å drive Rørsleriet jobbar eg som Kjøkkenhagepedagog på Fjelltun Barnehage i Ålesund, dyrkar mat og lærer om permakultur, og plotter med andre prosjekt på si. 


Om du tek eit rørsleperspektiv, kva blir da di historie?