RørsleNytt
Eg vil gjerne ha deg meg på undring, endring, og utforsking av nye perspektiv kring rørsle, læring og skaparglede. Eg undrar meg om ikkje rørsle er essensen i liv, og om kanskje læring og utvikling er det som skapar livsglede og kreativitet? Eg har erfart, både i meg sjølv og gjennom kundar, at godt organiserte rørsler gir auka kjensle av ro. Men også nye perspektiv og livsglede. Og dette er noko eg må utforske vidare. RørsleNytt er inntrykk som har kome til meg, blitt kasta rundt i hovudet, og etterkvart blitt godt nok organisert til at det kan bli uttrykt gjennom bokstavkombinasjonar eg kan dele.
Vi har alle spesialbehov
Siste veka har eg jobba med fem ulike «barn med spesialbehov». Men det slår meg at disse barna, som blir gruppert saman i denne kategorien, ofte er meir forskjellig fra kvarandre enn du og eg. Diagnosene barna kjem inn med er eigentleg irrelevante for måten eg jobbar med barna på. Eg jobbar på same måte med eit barn med eit sjeldant syndrom, som eg vil jobbe med ein neurotypisk vaksen. Vaksne ligg kanskje litt meir stille, men prinsippa er dei same. Dei lærer å føle og sanse seg sjølv meir, slik dei kan oppdage kva slags handling som leiar til kva slags resultat. Ofte går vi i vegen for oss sjølve, eller blokkerer sjansane vi har til å lære å bevege oss betre. Vi har lært oss ein måte å gjere ting på, og kjører på autopilot kvar gong vi skal utføre den aksjonen.
Vi har alle nokre rørslemønstre der vi nyttar unødig mykje intensitet eller kraft, og dette blokkerer for anledninga til å kjenne avspenning og ro. Det kan vere ei arm som er spastisk, fordi den har lært å spenne alt av musklar kva gong ein vil nå noko, eller det kan være nokre skuldre som hevar seg til øyrene utan at vi er det bevisst. Disse ubevisste og unødige spenningane gjer at vi sliter meir enn nødvendig og på sikt kan pådra oss belastningsskader og smerter. Det stjel også hjernekapasitet å skulle organisere rørsler med unødig kraftbruk. Vi vert slitne og tenker mindre klart.
Når vi står fast rørslemessig er det sjeldan meir kraft med same metode som er svaret. Det vil virke om du skyve noko tungt. Men ikkje når du vil lære nye måtar å bruke kroppen på. Da er det betre å ta eit skritt tilbake, bytte ut ambisjon ut med nysjerrighet, skru ned tempoet og eksperimentere med ulike variasjonar. Det er det vi gjer i NeuroMovement/NevroRørsle, og det er dette som kan skape nye rørslermønster som gjer kvardagen betre.
Måten vi har lært å organisere rørslene våre på er heilt unike for kvar enkelt. Og alle har potensial til å få det betre. Så på eit vis har vi alle spesialbehov. Alle har og godt av å bli møtt som heilt unike individ utan å få ein dom basert på kva vi meistrar i livet. Og vi har alle godt av å vende merksemda innover og «kome meir heim til oss sjølve». Det gir ro, velbehag og åpnar opp for nye muligheter i livet.
Ka om anstrenging er ei barriere for læring, og "pain" gir "no gain" ?
Har du nokon gong tenkt over korleis vi mennesker lærer? F.eks korleis lærer eigentlig barn å gå? Og korleis lærer ein voksen som hatt slag å gå igjen? Lærer disse to å gå på same måte? Kvifor ikkje? Og kvifor plasserer vi barn som ikkje har lært å gå i ståande for at dei skal lære å gå, når friske barn som lærer å gå sjølv har ei heilt annan tilnærming til å begynne å gå?
Som barn lærer vi uten å ha eit mål om kva vi skal oppnå. Barnets hjerne får informasjon om kroppens delar først gjennom ufrivillige rørsler like etter fødsel, og gradvis gjennom egeninitierte rørsler. I starten er disse rørslene udifferensierte (vi tenker kanskje det ser litt klønete og søtt ut), men gjennom rørsleerfaringane får hjerna informasjon om fleire delar av kroppen, og barnets bevegelsar blir stadig meir komplekse og raffinerte. Bevegelsane gir barnet verdifulle erfaringar om korleis dei ulike delane av kroppen kan organiserast i forhold til kvarandre for å oppnå ein funksjon, enten det er å sjå til sida, nå tak i ei leike, eller rulle rundt. Etterkvart vert organiseringa av alle dei ulike delane omgjort til svært komplekse funksjonar, som å stå eller gå. Men det er ikkje ei beslutning om å gå som styrer læringa. Det er trangen til å utforske, kobla med sanseerfaringane barnet gjer seg, som gjer at dei gradvis får til meir, og etterkvart utviklar meir komplekse rørslerepertoar.
Når vi studerer friske barn som begynner å gå, kan vi sjå at dei ikkje ser anstrengt ut. Dei kan vere fokuserte, men dei spenner ikkje mykje unødig musklatur, dei tenker truleg ikkje «no bit eg tennene saman, kjemper på og går ti skritt fem gongar til". Dei leikar seg med balansen, er innom millionar av variasjonar å organisere kroppen på. Det er lystbetont, og nervesystemet adopterer dei måtane å organisere aksjonane på som krev minst krefter. Dette skjer når skjelettet bærer vekta, og musklane kun jobbar for å posisjonere skjelettet til å utføre aksjonen.
Vi vaksne derimot bærer ofte med oss ei haldning basert på «no-pain-no-gain». Vi skal kjempe oss tilbake til å gå, om vi har mista denne funksjonen. Og vi øver oss på å gå ved å stå, sjølv om vi ikkje har forutsetningar for å halde balansen. Parallelt med å gå, lærer vi da å spenne oss unødig. Vi oppnår ein måte å gå på som krever enormt mykje av oss, som er stakato og som sliter på musklar og ledd. Det å bevege seg blir oftare ein kamp, heller enn noko vi gledar oss over.
Dessverre er det også ofte denne "voksne tankegangen om å gå" som blir tatt i bruk når ein skal lære barn med forsinka utvikling å gå. Dei blir ofte tatt opp i ståande før dei kan kome seg dit sjølve. Dei har da ikkje forutsetnad for kome seg ut av stillinga sjølv på ein trygg måte. Det kan vere skremmande, og det krev enormt mykje av dei å halde seg i ståande. For dei har nemlig ikkje lært å organisere alle delane av seg sjølv på ein måte som gjer at dei dynamisk kan balansere i posisjonen. Det einaste dei da har tilgjengelig er å spenne seg for å oppnå ein statisk form for stabilitet. Dette gjer dei meir spastiske, det gjer gåing vanskeligare, og det sliter på systemet. Mange barn som lærer å gå på denne måten gir opp det å gå når dei vert litt eldre. Dei har lært seg ein måte å stå og gå på som simpelthen er for krevande i det lange løp.
Om eit barn med utfordringer skal lære å gå på ein god måte, må det få lære å bære si eiga vekt gjennom skjelettet, og bli kjent med dei ulike delane av seg. Dette kan ein jobbe med på lystbetont vis i dei posisjonane barnet kjenner seg trygg i. For vi lærer best når vi kjenner oss trygge. Når vi kjenner oss trygge kan vi bedre sanse og ta lærdom av det vi sanser. ABM® Neuromovement® er ein læringsmetode som nyttar bevegelsar og 9 læringsprinsipp basert på hjerneplastisitet; hjernen sin evne til å endre seg i møte med nye erfaringer. Uansett kva utfordring ein har, har hjerna ein evne til å lære gjennom heile livet. ABM® Neuromovement® nyttar denne unike kapasiteten mennesket har til å lære, gjennom å skape gode læringssituasjonar. Prinsippa som ligg bak er logiske og vitenskapleg forankra, men dei kan vere vanskelig å integrere i kvardagen med mindre ein skrur ned tempoet i livet. Når vi har det hektisk og skundar oss går vi på autopilot, og utfører ein rekke funksjonar utan å tenke. Det er ein super evne vi menneske har. Men når vi skal lære noko nytt må vi koble ut autopiloten og roe ned, så vi klarer å sanse og erfare. Og helst ikkje vere opphengt i kva vi ønsker å få til, slik vi kan gi læringsprosessen verdi. For det er mykje verdifull læring langs vegen til mestring av sluttresultatet.
Eg tenker annleis når eg går tur
Har du kjent på det? Du går og grublar, men kjem ikkje til ein konklusjon? Og så, når du tek deg ei pause for å gjere noko anna, kanskje du går ein tur, eller forflyttar deg til eit anna miljø, og så landar tankane litt betre. Når du kjenner deg stuck og overvelda, tilfør variasjon til det du gjer no. Gå deg ein tur i skogen eller gjer noko heilt anna enn det du gjer no. Helst ein variasjon der du beveger kroppen og har eit tydeleg skift i miljø og inntrykk. Du gir deg da pause fra anstrenginga, som kanskje bidreg til at du står fast, og variasjon i rørsler som gir inntrykk som kan åpne for nye muligheter. La svara du treng kome til deg gjennom sanseinntrykk, framfor å prøve å presse dei fram gjennom anstrenging.