Rørsler

Rørsler er ditt beste verktøy for å kunne tenke betre, finne ro og skape dei endringane du ynskjer i livet. Rørsleriet foredlar små rørsler til store endringar i enkeltindivid og samfunn.

Kva søker du?

Hjelp til eit barn med utfordringar

Nevrorørsle hjelper barnet å bli betre på å lære gjennom bruk av sakte subtile rørsler som vekker hjerna si evna til læring. Resultatet er ofte betre motorisk, kognitiv og emosjonell utvikling.

Fokuset i timane er på muligheter framfor manglande milepælar. Det er skånsomt, lystbetont, positivt og på barnets premisser. 


Metoden er egna for barn med celebral parese, ADHD, autisme, plexus brachialis, genetisk lidingar og  udiagnostisert forsinka utvikling. Nevrorørsle for barn skjer som 1:1 undervisning.

Smertelindring og betre rørsler

Stivhet og smerter henger ofte sammen, og stivhet gir også redusert balanse og mindre raffinerte rørsler. 

Med Nevrorørsle kan du lære deg å bevege deg på nye måtar, der unødige spenningar gir slepp og større delar av deg deltek i rørslene. Dette vil gjere det kjekkare å ta del i andre aktivitetar i kvardagen og lettare å kome seg ut på tur. 

Slagramma kan nytte metoden for å enklare skape nye nervebaner, og lære å bevege seg på ny, uten å måtte kjempe så hardt. 

Ro og betre fokus og prestasjon

Nevrorørsle nyttar merksemd kobla opp mot små varierte rørsler. Ved å utføre disse med minst mulig kraftbruk, vil du få tilgang til å bevege deg på måtar som opptek mindre kapasitet fra hjerne og nervesystem. 

Når rørsler blir betre organisert, medfølger ei kjensle av ro og ofte ny energi. Mange søv også betre, og det vil ytterligare forbetre kvardagen.

Om du vil delta på gruppekurs, ta kontakt og eg gir deg link til Spondgruppa der det vert annonsert, og du kan melde deg på.

Fellesskap og ei aktiv rolle i verden

Rørsleriet tilbyr SamRørsle, aktivitetar eller kurs der folk kan møtes for mobilfri samvær, rørsler, refleksjon og dialog. Mennesker tenker best saman, og gode samtalar, gjerne over ein aktivitet, gjer skikkelig godt. 

Nokre av disse kveldane er gratis, nokre kostar i form av materiell, lokaler eller kurshaldar. 

Bli med på Spond for å få info om slike aktiviteter.

Bli med å skape og foredle rørsler

Rørsle er essensielt i læring og utvikling, og i å bevare god helse. Gjennom rørsler erfarer vi verda, og lærer om det rundt oss og det som foregår i oss sjølve. Vi utviklar rørsle og reaksjonsmønstre som forenklar kvardagen. Men alle har også mønstre som har gagna oss ein gong i livet, men som no kanskje begrensar livkvaliteten meir enn den berikar den. 

På Rørsleriet kan du lære NevroRørsle, ein rørslebasert læringsmetode som utviklar din evne til å sanse og føle deg sjølv, og slik gir deg anledning til å lære nye måtar å bevege deg på, og nye måtar å reagere på omverda på. Du kan lære NevroRørsle i privattimar eller i grupper som vaksen. For barn skjer undervisninga kun i privattimar, og helst bolkar over  i 3-4 dagars.

På Rørsleriet kan du også delta i SamRørsle, mobilfrie samlingar for små grupper der vi møtes over ein aktivitet der ein nyttar hender og hovud til å skape noko nytt.


Rørsleriet er ein rørsleverkstad der vi kan kome nærmare oss sjølv, og andre mennesker. Ein stad å møtes, uttrykke oss, og lære noko nytt som kan bidra postitiv til våre liv og vårt samfunn. Aktivitetane vert arrangert primært i Barstadvik og Ålesund. Du finn meir info i kalendaren her, og på den norske appen Spond. På Spond kan du også melde deg på.

Les meir under eller gå rett til kalendaren for starte di rørslereise. 

Rørsleriets lokasjonar i 2026

Natur-wibe

Landlig i Barstadvik

I Barstadvik kan du nyte vakker natur mellom NevroRørsle-timane, og som ein del av SamRørsleaktivitetar.

Spesielt for barn og vaksne som blir lett overstimulert, er dette ein fin lokasjon for timar. Lokasjonen er 35 min fra Spjelkavik, inkludert ein  20 min fergetur. Avstanden til Ørsta og Volda er hhv 30 og 40 min. 

Om du ynskjer overnatting kan eg vere behjelpelig i å koble deg med trivelige naboar som leiger ut rom. 

I Barstadvik kan du booke timar mandagar og fredagar på dagtid, samt i helgar i samband med intensivar som går over 4 dagar. 

By-wibe

Skateflukaia, Ålesund

Ålesund er ein vakker by ved havet. Den har mykje å tilby. Innanfor ein radius av 2-300 meter av mine lokaler finner du 2 hotell, mange restauranter og kafear, ein fin havnepromenade, kaia der hurtigbåtane frå øyene legg i land, og bussholdeplass for rutene mot Molde/Kristiansund, Ørsta, Volda og Bergen. I samme bygget finn du også Walderhaug bakeri, som fyller gangane i bygget med deilig lukt av fersk bakst.
 
Eg er tilgjengeleg for booking av privattimar i NevroRørsle i Ålesund etter kl 17 tirsdag, onsdag og torsdagar. 

Retreat-wibe

Mallorca, oktober 2026

For tredje år på rad kan eg tilby NevroRørsle timar på Mallorca, nærmare bestemt Hotel Valentin, Playa del Muro. Dette er eit arrangement for familiar med barn med spesialbehov, og det arrangeres av ein Nederlandsk organisasjon fra 17-24 oktober. 

Dette er eit nydelig konsept, skreddersydd for å få mest mulig læring ut av timane.  Kvar familie får ein eigen bungalow, tilgang til eit stort universelt tilrettelagt område, inkludert basseng Stranda er like ved og det er inkludert to måltid per dag. Om dykk ønsker å bli kjent med andre familiar kan dykk det, men dykk kan også berre ta tida saman for kvile og ro på stranda eller hotellområdet. Har du bil kan dykk også ta små turar i området, men sørg for å ikkje ha for tett program. Ungane får to privat timar per dag, og har resten av tida til kvile og  skape gode ferieminner saman med familien, og evt andre deltakarar.

Link til brosjyre om årets Retreat

Ann Iren Glimsdal

Om meg

Rørsleriet er drive av meg, Ann Iren Glimsdal, inspirert av mange andres rørsler og refleksjonar.

Eg blir lett rørt av andre, lærer mykje om meg sjølv, og tenker betre, når eg rører på meg. Eg er interessert i kva som rører seg i andre, og i den sterke samanhengen mellom tankar og rørsler. Vi har alle ubevisste tanke- og rørslemønstre, enten vi har diagoneser eller ei. Men vi treng ikkje vere låst i disse. Vi kan skape nye. Eg ynsker å skape ei rørsle der vi ikkje overfokuserer på det som er vondt eller ikkje fungerar, men istaden skapar forbetring for oss sjølve og samfunnet gjennom å etablere nye rørsler og rørslemønstre. 

Lokaler i Barstadvik og Ålesund

Molladalsvegen 69, Barstadvik
Tollbugata 6, 3 etg, Skateflukaia
Åpent ved arrangement, sjå kalender