Lær meir
Om du ikkje er klar, eller ikkje kan delta fysisk på arrangement på Rørsleriet, kan du lære meir på følgande tre måtar.
Les RørsleNytt
Av og til organiserer tankane mine seg, og refleksjonar kjem til uttrykk gjennom språk. Noko av det havnar i bloggen RørsleNytt.
Når eg skriv noko, er det fordi det på eit vis pressar seg på. Eller fordi eg har skjønt samanhengar på ein ny måte, og dei har blitt tydelige nok til å uttale gjennom språk. Nokre ganger flyt det best på nynorsk, andre gongar på engelsk. Eg varierar derfor kva av dei to språka eg nyttar.
Bli med på Spondgruppe
Eg har laga ei gruppe for Rørsleriet på Spond som du kan bli med i. Her kan du motta innlegg eg skriv, og sjå oppdatert liste av arrangement, og kommunisere med meg. Eg har større tiltro til datasikkerhet på Spond, som er ein norsk app, enn mange andre plattformer som finnes. Det er også lettare å ikkje skrolle seg vekk og bli distrahert på Spond enn SoMe. Du kan velge å kun motta info på e-post, og eg prøver å legge inn info slik at det ikkje blir for mykje info å forhalde seg til. Send meg ein e-post om du vil bli med i gruppa, og meld fra om du er interessert i å få info om NevroRørsle, SamRørsle eller begge delar.
Ta kontakt
Om du ikkje finn det du lurer på på sidene mine, og ikkje vil vere med på Spondgruppa, kan du klikke på linken under. Da genereres ein e-post der du kan spørre om det du lurer på. Om du ønsker å slå av ein prat, legg igjen telefonnummer og kva det gjeld, så ringer eg deg tilbake ved første høve.
Mi eiga rørslereise
Langversjonen for dei som likar å lese om andre
Mi rørslereise starta med at kroppen ikkje lenger ville vere med på det hovudet ville. Eg er utdanna sivilingeniør, og hadde draumejobben som prosjektleiar innan energi og miljø internasjonalt. Eg skapte og gjennomførte prosjekt, og fekk brukt heile meg. Kanskje litt for mykje. Autoimmune plager vert det ofte kalla, det som satte meg tidvis ut av spel og skapte store smerter i kroppen og tåke i hovudet. Første positive vending kom på ein yogaretreat på Kreta. Plutselig var ikkje ledda vonde lenger, og eg innsåg at plagene truleg ikkje berre var arvelig betinga, men også litt sjølvforskyldt. Eg fekk innvilga eit friår fra jobben, og prøvde å leve slik eg levde på yogaretreaten for å sjå om eg kunne få kroppen til å fungere betre meir varig. Eg endte opp med å studere yoga , ayurveda og thai yoga massasje, og snu heilt rundt på heile livet. Eg flytta heim til Sunnmøre, dreiv yogastudio saman med andre, og delte det eg hadde lært som eg syntes funka. Eg hadde lært at eg truleg måtte røre meir på meg enn andre for å halde meg frisk. Så kontorjobb var ikkje lenger eit alternativ.
For å reduserer presset til å tjene nok på yogundervisning gjennom å vere veldig aktiv på SoMe, tok eg meg ein deltidsjobb der ein kan bevege seg gjennom dagen, barnehage. Til mitt hell var dette ein fantastisk Reggio Emilia inspirert barnehage som såg verdi i min interesser for rørsler, og gav meg ansvar for å følge opp barn med spesialbehov. Vi jobba aktivt med planløysingar, materialer, terapiformer og aktivitetar slik disse barna skulle få gode og lærerike dagar, og like muligheter som dei andre til å delta i sosialt samspel. Eit av barna eg jobba med begynte å gjere store hopp i utviklinga etter å ha vore vekkreist på noko foreldra kalla ABM intensiv. Eg vart fascinert, og vart etterkvart med denne familien på eit intensivkurs. Dette kjente eg at eg måtte lære.
Fra 2019-2022 tok eg grunnutdanninga ABM® NeuroMovement® i USA, og i 2024 påbygging for å kunne jobbe med barn med utfordringar. ABM® NeuroMovement® er ikkje berre eit verktøy som boostar barns utvikling, men også ein læringsmetode vi kan ta i bruk heile livet, uansett alder og utfordring. Det er i dag mitt primære verktøy for å leve eit godt liv. Utover å praktiserer og dele rørsler, elskar eg å røre meg i naturen, bli rørt av andres idear og kunnskap (gjerne på kurs), og ta del i skapande aktivitetar saman med andre. Ved sidan av å drive Rørsleriet jobbar eg som Kjøkkenhagepedagog på Fjelltun Barnehage i Ålesund, studerer Permakultur og plotter med andre prosjekt på si.