Tjenester
Eg tilbyr undervisning i ABM® Neuromovement® på norsk og engelsk, for enkeltpersonar, grupper og bedrifter. Eg underviser barn med ulike kognitive og motoriske utfordringar i intensivsamlingar og enkeltvis i Norge og utlandet.
​
Under følger ei oversikt over åpne kurs og retreats, samt tid og stadar det er mulig å booke privattimar. Er du van med å melde barnet ditt på intensivsamlingar og føretrekk det, så kan det ordnast disse oppsatte tidene. For ynskjer om å få satt opp intensivsamlingar på andre stadar, send meg ein e-post eller bruk kontaktskjemaet.
​
Åpne kurs, retreats og privattimar hausten 2024
Privattimer Barn og Vaksne Ålesund
5 - 7 sept / 1 - 4 nov / 5 - 7 des /19 - 20 des
​​
Timane foregår i Tollbugata 6, 3 etg. Timar må bookes på forhand. Mulighet til å booke 1-3 timar av 30 min eller max 2 på 45 min per dag. Er du ny til metoden kreves en førstegangskonsultasjon på 60 min før ein kan booke timar 30 -45 min timar. Spesialavtale kan ordnes for deg med ME/chronic fatigue. Ellers sjå Privattimar for pris og meir info. Bruk kontaktskjema for forespørsel av time. Eg ringer tilbake.
Privattimar Barn og Vaksne Barstadvik
20 - 21 sept / 10 - 11 okt / 7 - 9 nov / 21 -23 nov / 12 - 13 des
​
Timane foregår i lyse lokaler på grunnplan i Molladalsvegen 69. Timar må bookes på førehand. Kan assisterere med å finne overnatting ved behov. Mulighet til å booke 1 - 3 timar per dag per person, på 30 eller 45 min. Er du ny til metoden kreves en førstegangskonsultasjon på 60 min før ein kan booke timar 30 -45 min. Spesialavtale kan ordnes for deg med ME/chronic fatigue. Ellers sjå Privattimar for pris og meir info. Bruk kontaktskjema for forespørsel av time. Eg ringer tilbake.
ABM® NeuroMovement® Retreat Mallorca - FULLBOOKET
12 - 20 oktober
Retreat for familier med barn med spesialbehov med innkvartering i egen bungalow, og ABM timar på samme område. Barna får 10 timar i løpet av opphaldet, og det er tilrettelagt for mulighet til å både få ro og kvile, samt skape ferieminner. Påmelding skjer via Moving Beyond Limits.
​
Introduksjonskurs ABM® NeuroMovement® - Gruppetimer for vaksne
1 - 3 nov, Online / 7 - 9 nov, Barstadvik / 23 - 24 nov, Online / 7 - 8 des, Ålesund
Kurs beståande av 4 gruppetimar, over ei periode på 2 eller 3 dager (sjå datoer over). Kurset gir ein introduksjon til ABM® NeuroMovement® og dei 9 lærings-prinsippa som guider måten vil beveger oss på for å skape smertelindring og nye rørslemønstre. Deltakerene vil motta materialer til gjennomlesning i forkant, og audioopptak av dei fire timane i etterkant. Etter å ha delteke på eit introkurs, kan ein få melde seg på online gruppetimer på vekesbasis om ein ynskjer det. Timane foregår på matte på golvet, så du må vere istand til å kome ned og opp igjen fra golvet. Har du ME/chronic fatigue anbefales tilpassa privattimar framfor gruppekurs. Timane er ikkje fysisk krevande, men ein kan likevel oppleve å blir trøytt og trenge ekstra kvile. Så ikkje legg opp til eit tett program på kursdagane om du vil ha størst mulig utbytte av kurset. Tilbakemeldingene fra tidlegare deltakarar er god ro, lettare gange og smidigare rørsler, betre søvn og reduksjon i smerter og unødige spenningar. Nærmare tidspunkt og eksakt lokasjon for kurset vil bli oppgitt på instagram og FB sidene mine.
​
Pris: Kr 1500,- (early bird kr 1250,- ved påmelding innan 3 veker før oppstart.
​Påmeldingsfrist 3 dager før arrangement. Minimum 3 deltakere for gjennomføring.
Påmelding skjer på epost. Oppgi navn og tlfnr. Bruk kontaktskjema om du ikkje har vore i kontakt tidlegare.
Online ABM® NeuroMovement® - Gruppetimar for vaksne - 2 gongar i veka
Mandagar kl 20 - 21 (engelsk) og Torsdagar kl 20 - 21 (norsk), veke 46 - 51.
Mulighet til å følge ABM NeuroMovement undervisning i eigen heim to dagar i veka, over 6 veker. Krav til å delta er at du tidligare har delteke på gruppekurs med meg, enten eit introkurs eller eit av kursa eg haldt i 2023. På mandagar underviser eg på engelsk og på torsdagar underviser eg den samme timen på norsk. Eg anbefaler å delta på begge dagane for best utbytte, da du vil oppleve timen annleis gong nummer 2. I disse 6 vekene på tampen av 2024 (og truleg også i fortsettelsen i 2025) vil timane dreie seg om å "vekke opp" senter av kroppen til å ta del i bevegelsen til armar og bein. Når dei store muskelgruppene rundt bekken, ryggrad og ribbein tek del i rørslene våre, avlastar vi mindre musklar i nakke, skuldre og kne, som ofte jobbar på overtid og er overbelasta. Timane foregår primært på matte på golvet, så du må vere istand til å kome ned og opp igjen fra golvet, og ha tlf, nettbrett eller PC, som gjer meg i stand til å sjå rørslene dine og gi tilbakemelding. Vi kjører ein test på at det tekniske virkar dagen før, for dykk som ikkje er vant med zoom eller teams. Deltakar på kurset får 20% på ordinær pris på privattimer i kursperioda, om ein ynskjer supplere med personlig oppfølging.
​​
Oppstart mandag 11. november (engelsk) og torsdag 14. november (norsk), kl 20.
Pris ein gong i veka: Kr 1800,- (early bird kr 1500,- ved påmelding innan 3 veker før oppstart.
Pris to gongar i veka: Kr 2200 (early bird kr 1900,- ved påmelding innan 3 veker før oppstart
​Påmeldingsfrist 3 dager før arrangement. Minimum 5 deltakere for gjennomføring.
Påmelding skjer på epost. Oppgi navn og tlfnr. Bruk kontaktskjema om du ikkje har vore i kontakt tidlegare.