top of page

Ka om anstrengelse er ein barriere for læring og "pain" gir "less gain"?

Har du nokon gong tenkt over korleis vi mennesker lærer? F.eks korleis lærer eigentlig barn å gå? Og korleis lærer ein voksen som hatt slag å gå igjen? Lærer disse to å gå på same måte? Kvifor ikkje? Og kvifor plasserer vi barn som ikkje har lært å gå i ståande for at dei skal lære å gå, når friske barn som lærer å gå sjølv har ei heilt annan tilnærming til å begynne å gå.

 

Som barn lærer vi uten å ha eit mål om kva vi skal oppnå. Barnets hjerne får informasjon om kroppens delar først gjennom ufrivillige rørsler like etter fødsel, og gradvis gjennom egeninitierte rørsler. I starten er disse rørslene udifferensierte (vi tenker kanskje det ser litt klønete og søtt ut), men gjennom rørsleerfaringane får hjerna informasjon om fleire delar av kroppen, og barnets bevegelsar blir stadig meir komplekse og raffinerte. Bevegelsane gir barnet verdifulle erfaringar om korleis dei ulike delane av kroppen kan organiserast i forhold til kvarandre for å oppnå ein funksjon, enten det er å sjå til sida, nå tak i ei leike, eller rulle rundt. Etterkvart vert organiseringa av alle dei ulike delane omgjort til svært komplekse funksjonar, som å stå eller gå. Men det er ikkje ei beslutning om å gå som styrer læringa. Det er trangen til å utforske, kobla med sanseerfaringane barnet gjer seg, som gjer at dei gradvis får til meir, og etterkvart utviklar meir komplekse rørslerepertoar. Når vi studerer friske barn som begynner å gå, kan vi sjå at dei ikkje ser anstrengt ut. Dei kan vere fokuserte, men dei spenner ikkje unødig musklatur, dei tenker truleg ikkje «no bit eg tennene saman, kjemper på og går ti skritt fem gongar til". Dei leikar seg med balansen, er innom millionar av variasjonar å organisere kroppen på. Det er lystbetont, og nervesystemet adopterer dei måtane å organisere aksjonane på som krev minst krefter. Dette skjer når skjelettet bærer vekta, og musklane kun jobbar for å posisjonere skjelettet til å utføre aksjonen.

 

Vi vaksne derimot bærer ofte med oss ei haldning basert på «no-pain-no-gain». Vi skal kjempe oss tilbake til å gå, om vi har mista denne funksjonen. Og vi øver oss på å gå ved å stå, sjølv om vi ikkje har forutsetningar for å halde balansen. Parallelt med å gå, lærer vi da å spenne oss unødig. Vi oppnår ein måte å gå på som krever enormt mykje av oss, som er stakato og som sliter på musklar og ledd. Det å bevege seg blir oftare ein kamp, enn noko vi gledar oss over.


Dessverre er det også ofte denne "voksne tankegangen om å gå" som blir tatt i bruk når ein skal lære barn med forsinka utvikling å gå. Dei blir ofte tatt opp i ståande før dei kan kome seg dit sjølve. Dei har da ikkje forutsetnad for kome seg ut av stillinga sjølv på ein trygg måte. Det kan vere skremmande, og det krev enormt mykje av dei å halde seg i ståande. For dei har nemlig ikkje lært å organisere alle delane av seg sjølv på ein måte som gjer at dei dynamisk kan balansere i posisjonen. Det einaste dei da har tilgjengelig er å spenne seg for å oppnå ein statisk form for stabilitet. Dette gjer dei meir spastiske, det gjer gåing vanskeligare og det sliter på systemet. Mange barn som lærer å gå på denne måten gir opp det å gå når dei vert litt eldre. Dei har lært seg ein måte å stå og gå på som simpelthen er for krevande i det lange løp.

 

Om eit barn med utfordringer skal lære å gå på ein god måte, må det få lære å bære si eiga vekt gjennom skjelettet, og bli kjent med dei ulike delane av seg. Dette kan ein jobbe med på lystbetont vis i dei posisjonane barnet kjenner seg trygg i. For vi lærer best når vi kjenner oss trygge. Når vi kjenner oss trygge kan vi bedre sanse og ta lærdom av det vi sanser. ABM® Neuromovement® er ein læringsmetode som nyttar bevegelsar og 9 læringsprinsipp basert på hjerneplastisitet; hjernen sin evne til å endre seg i møte med nye erfaringer. Uansett kva utfordring ein har, har hjerna ein evne til å lære gjennom heile livet. ABM® Neuromovement® nyttar denne unike kapasiteten mennesket har til å lære, gjennom å skape gode læringssituasjonar. Prinsippa som ligg bak er logiske og vitenskapleg forankra, men dei kan vere vanskelig å integrere i kvardagen med mindre ein skrur ned tempoet i livet. Når vi har det hektisk og skundar oss går vi på autopilot, og utfører ein rekke funksjonar utan å tenke. Det er ein super evne vi menneske har. Men når vi skal lære noko nytt må vi koble ut autopiloten og roe ned, så vi klarer å sanse og erfare. Og helst ikkje vere opphengt i kva vi ønsker å få til, slik vi kan gi læringsprosessen verdi. For det er mykje verdifull læring langs vegen til mestring av sluttresultatet.

Comments


IMG_8755_edited_edited.png

Undring, endring og nye perspektiv

Mitt navn er Ann Iren og eg vil gjerne ha deg meg på undring, endring, og utforsking av nye perspektiv kring rørsle, læring og skaparglede. Eg undrar meg om ikkje rørsle er essensen i liv, og om kanskje læring og utvikling er det som skapar livsglede og kreativitet.

Eg har erfart, både i meg sjølv og gjennom kundar, at godt organiserte rørsler gir auka kjensle av ro. Men også nye perspektiv og livsglede. Og dette er noko eg må utforske vidare.

Eg underviser ABM® Neuromovement®, og jobbar deltid i ein fantastisk Reggio Emilia inspirert barnehage i Ålesund. Her ser eg kor gledeskapande organisk læring er, og at små barn er svoltne etter å utforske og lære. For dei fleste avtar denne livgivande måten å lære på når dei vert eldre. Men må den det? "Ka om" vi kan ta med oss undring og utvikling i voksen alder? "Ka om" vi gjennom rørsler og merksemd kan føle potensialet ny læring gir oss? Oppdage at vår hjerne, og dermed måten å organisere rørsler og tankar på, har evne til endre seg til det bedre, uansett alder. Nettopp slik hjerneforskninga hevdar at den har.

Eg kallar bloggen min "Ka om", som kan seiast å vere eit sunnmørsk "what if". Eg ynskjer å leike med å endre på ulike parametre, for å åpne opp for undring, endring og nye perspektiv.

"Ka om" ting ikkje er så fastlåst som dei ser ut til?

 

Arkiv

Taggar

Ingen tagger enda.
bottom of page