top of page

"Ka om" 2024 er året?




Det er lett å legge lista høgt i januar. Lage lange lister med krav til forbedringar i livet. Lister som kanskje innskrenker livet meir enn å gjere det rikt og gledesfullt. Ka om vi begrensa oss til ein intensjon, og haldt målet litt sann laust? Eg er ikkje motstandar av disiplin, men ser at det er vanskelig å leve livet slik ein tenker ein skal i starten av eit nytt år. Og ofte bestemmer vi oss for å skape utfall vi eigentlig ikkje har kontroll over.


Om eg hadde laga nyttårsforsett om å spre ordet om det enorme postensialet som ligg i ABM Neuromovement i løpet av 1. kvartal i 2024, så hadde eg rigga meg sjølv for å mislykkast. Men med ein intensjon om at eg skal gjere denne metoden meir tilgjengelig, utan knapp tidsfrist og utan detaljert plan, så står utforming av måten det skjer på meir åpent. Mitt sinn er åpent for andre innfallsportar, tankar og betrakningar. Det ville det truleg ikkje vore om eg hadde lagt ein detaljert plan basert på deg eg visste 31. desember. I både januar og februar kom det nemlig forespørslar eg ikkje kunne ha forutsett, som åpna opp for ny inspirasjon og nye muligheter.


Eg starta året med å gjere klart eit nytt rom hjå Kreativ Klynge på. Intensjonen min er å skape ein oase her, ein oase for læring og kreativitet rundt det å skape seg gode liv. Ein lun og rogivande stad der folk får sjanse til å bli kjent med seg sjølv på ein ny måte, uten å måtte prestere eller forklare kvifor ting er som dei er nett no. Ein stad ein gradvis kan få utvikle sin evne til å føle, finne ut kva som styrer kva beslutningar ein tar, og gi slepp på det som begrenser livsgleden, enten det er smerter, stivhet eller innarbeidde mønstre som ikkje lenger tjener ein så godt. Eg anar ikkje korleis dette vil verte, men intensjonen om å bistå folk med å leite fram eigne ressurser og skape noko nytt for seg sjølv, den er der. Så kan prosessen få gå sakte, slik eg også har rom for nye tankar, idear og justering av konseptet. Eg vil la heile forretningsideen vere noko som utviklar seg organisk. Heile livet egentlig. For vegen blir vel til medan vi går?


Comments


IMG_8755_edited_edited.png

Undring, endring og nye perspektiv

Mitt navn er Ann Iren og eg vil gjerne ha deg meg på undring, endring, og utforsking av nye perspektiv kring rørsle, læring og skaparglede. Eg undrar meg om ikkje rørsle er essensen i liv, og om kanskje læring og utvikling er det som skapar livsglede og kreativitet.

Eg har erfart, både i meg sjølv og gjennom kundar, at godt organiserte rørsler gir auka kjensle av ro. Men også nye perspektiv og livsglede. Og dette er noko eg må utforske vidare.

Eg underviser ABM® Neuromovement®, og jobbar deltid i ein fantastisk Reggio Emilia inspirert barnehage i Ålesund. Her ser eg kor gledeskapande organisk læring er, og at små barn er svoltne etter å utforske og lære. For dei fleste avtar denne livgivande måten å lære på når dei vert eldre. Men må den det? "Ka om" vi kan ta med oss undring og utvikling i voksen alder? "Ka om" vi gjennom rørsler og merksemd kan føle potensialet ny læring gir oss? Oppdage at vår hjerne, og dermed måten å organisere rørsler og tankar på, har evne til endre seg til det bedre, uansett alder. Nettopp slik hjerneforskninga hevdar at den har.

Eg kallar bloggen min "Ka om", som kan seiast å vere eit sunnmørsk "what if". Eg ynskjer å leike med å endre på ulike parametre, for å åpne opp for undring, endring og nye perspektiv.

"Ka om" ting ikkje er så fastlåst som dei ser ut til?

 

Arkiv

Taggar

Ingen tagger enda.
bottom of page