top of page

Praksiselever 0-12 år i Ålesund

man. 22. juli

|

Ålesund

Rimelig intro for deg som vil finne ut om ABM Neuromovement kan vere noko for deg og ditt barn. Metoden stimulerer hjerna til å lære betre, og blir brukt ved udiagnostisert forsinka utvikling, celebral parase, autisme, ADHD mm. Kvart barn får 4 timar á 30 min, og foreldra 1 time á 60 min

Registreringen er lukket
Se andre arrangementer
Praksiselever 0-12 år i Ålesund
Praksiselever 0-12 år i Ålesund

Tid og sted

22. juli 2024, 11:30 – 23. juli 2024, 16:30

Ålesund, Tollbugata 6, 3etg, 6002 Ålesund, Norge

Om arrangementet

Dette er eit tilbod i perioden fram til eg mottek lisens for å jobbe med barn. Eg tek derfor kun betalt for timen eg har med foreldrene (60 min, kr 1490), medan dei fire timane til barnet (30min kvar gong) er gratis.

I timane vil eg møte barnet ditt der det er, og fokusere på å legge tilrette for gode læringsvilkår. Det aller viktigste er at barnet kjenner seg trygg i rommet og i samvær med meg. Far eller mor bør derfor vere nærme fram til at barnet kjenner seg trygg. Nokre barn likar ikkje å bli berørt av ukjente, så vi går sakte fram for å finne ein god connection. På timen i forvegen vil du som foreldre få informasjon om Neuromovement. Begge foresatte kan kome om det passar. Men utan barnet. Litt av timen bruker vi til å snakke om barnet, som kva det likar og ikkje likar, ikkje-kan og kan etc, slik eg er beredt til møtet med barnet. Men eg vil også at dykk som føresatte skal føle kva det handlar om. Derfor vil foreldre også få erfare Neuromovement, slik det blir lettare å formidle til barnet kva det handlar om.

Denne familiepakka vil eg tilby fram til august 2024 i Ørsta og Ålesund, medan eg er under utdanning til å jobbe med barn med spesialbehov. Eg er no halvvegs i utdanning Children Mastery, og vil dra nytte av å jobbe med mange ulike barn. Så dei som deltek som mine praksiselever, vil få 20% rabatt på ein valgfri intensiv i perioden september-desember etter eg er ferdigutdanna.

Tidspunkt: mandag og tirsdag utvalgte veker, pluss time med foreldre i forkant. Det er plass til 3 barn i kvar veke, og timeplanen er lik kvar gong, begge dagar.

kl 1130-1200: Barn 1

kl 1215-1245: Barn 2

kl 1300-1330: Barn 3

kl 1430-1500: Barn 1

kl 1515-1545: Barn 2

kl 1600-1630: Barn 3

Ein kan ikkje bytte innbyrdes uten å ha avtalt med meg på førehand. Meld dykk på ved å svare på linken, så ringer eg for å avtale tidspunkt for både foreldre og barn. Om du har spørsmål før du melder interesse så ring meg. Om eg ikkje svarar umiddelbart ringer eg tilbake ved første anledning.

Dele dette arrangementet

bottom of page