top of page

Gruppekurs Neuromovement for vaksne Ørsta

lør. 04. mai

|

Ørsta

Lær å beveg deg betre med ABM Neuromovement. 2 timar kvar dag, laurdag og søndag 4. og 5 mai, kl 10-11 og 14-15. Vi utforskar varierte skånsomme rørsler for å invitere auka deltaking av sentrale muskelgrupper. Dette kan avlaste skuldre og nakke, som ofte jobbar på overtid, og gjer deg meir smidig

Registreringen er lukket
Se andre arrangementer
Gruppekurs Neuromovement for vaksne Ørsta
Gruppekurs Neuromovement for vaksne Ørsta

Tid og sted

04. mai 2024, 10:00 – 05. mai 2024, 15:00

Ørsta, Strandagata 5B, 3 etg, 6150 Ørsta, Norge

Gjester

Om arrangementet

Dei aller fleste av oss bærer på unødige spenningar som begrensar rørslene våre og gir smerter. Dette kan vere tillærte bevegelsesmønster som hindrar dei store muskelgruppene i kroppen å ta del i rørslene. Dette resulterer i at mindre musklatur (eks skuldre og nakke) må jobbe «overtid» og ta belastningar dei ikkje er laga for.

I dette kurset rettar vi merksemd til bekkenets rørsler, og prøver frigi spenningar kring bryst- og ribbein. Når senter av kroppen vert aktivert, vil du oppleve meir styrke og bevegelsesutslag. Godt sammensatte rørsler gir mindre belastning på nakke og skuldre og ei kjensle av ro i heile deg. Kanskje går du lettare, løfter lettare eller kjenner deg lettare til sinns? Nokre søv også betre.

Kurset inkluderer 4 gruppetimar laurdag og søndag. Første timen er fra kl 10-11, og den andre fra 14-15. Tida mellom timane anbefaler eg å bruke til å ete et måltid og kanskje gå ein rolig tur. Unngå kraftanstrengelsar og intense sosiale aktivitetar som dreg merksemda di vekk fra deg sjølv. Sjølv om rørslene vi gjer i timen er skånsomme, så jobbar hjerna og nervesystemet aktivt. Så du kan bli både trøytt og svolten. Men mest av alt håper eg du kjenner velvære og glede ved å oppdage nye delar av deg sjølv.

Om du har ME eller annan form for fatigue, så anbefaler eg å heller booke privattimar enn å delta på kurs. Kjenner du at du er god på å begrense deg, kan du likevel vurdere å bli med, men fint om vi da tek ein prat i lag på forhand.

Det er ingen krav til forskunnskap, men timen foregår på matter på golvet. Så du må vere istand til å kome deg ned på golvet og opp igjen på dette kurset.

Lokasjon: Tindelandet Pilates og Yoga, Strandgata 5B, 3. etg

Pris: kr 1500

For påmelding kontakt meg på tlf 95757275. Betaling skjer på Vipps eller med giro.

Dele dette arrangementet

bottom of page