Beskrivelse
Dei aller fleste av oss bærer på unødige spenningar som begrensar rørslene våre og gir smerter. Dette kan vere tillærte bevegelsesmønster som hindrar dei store muskelgruppene i kroppen å ta del i rørslene. Dette resulterer i at mindre musklatur (eks skuldre og nakke) må jobbe «overtid» og ta belastningar dei ikkje er laga for.
I dette kurset rettar vi merksemd til bekkenets rørsler, og prøver frigi spenningar kring bryst- og ribbein. Når senter av kroppen vert aktivert, vil du oppleve meir styrke og bevegelsesutslag. Godt sammensatte rørsler gir mindre belastning på nakke og skuldre og ei kjensle av ro i heile deg. Kanskje går du lettare, løfter lettare eller kjenner deg lettare til sinns? Nokre søv også betre.
Kurset inkluderer 4 gruppetimar laurdag og søndag. Første timen er fra kl 10-11, og den andre fra 14-15. Tida mellom timane anbefaler eg å bruke til å ete et måltid og kanskje gå ein rolig tur. Unngå kraftanstrengelsar og intense sosiale aktivitetar som dreg merksemda di vekk fra deg sjølv. Sjølv om rørslene vi gjer i timen er skånsomme, så jobbar hjerna og nervesystemet aktivt. Så du kan bli både trøytt og svolten. Men mest av alt håper eg du kjenner velvære og glede ved å oppdage nye delar av deg sjølv.
Om du har ME eller annan form for fatigue, så anbefaler eg å heller booke privattimar enn å delta på kurs. Kjenner du at du er god på å begrense deg, kan du likevel vurdere å bli med, men fint om vi da tek ein prat i lag på forhand.
Det er ingen krav til forskunnskap, men timen foregår på matter på golvet. Så du må vere istand til å kome deg ned på golvet og opp igjen på dette kurset.
Lokasjon: Tindelandet Pilates og Yoga, Strandgata 5B, 3. etg
For påmelding kontakt meg på tlf 95757275. Betaling skjer på Vipps eller med giro.
ABM® NeuroMovement® Practitioner
Ann Iren Glimsdal
ABM® NeuroMovement® Practitioner basert på Sunnmøre. Tilbyr læringsmuligheter for voksne 1:1 og i gruppe, organisasjonar og barn med spesialbehov (praksiselever fram til september og hele intensiver etter september 2024)