Motor neurons seen in microscope
ABM® NeuroMovement® i praksis
ABM® NeuroMovement® undervisning kan gjennomførast som gruppetimar eller privattimar, enkeltvis eller i bolkar. I timane vil ein erfare at læring ikkje krever terping, men skjer spontant om dei riktige betingelsane er på plass. Nokon opplev store endringar etter ein time, men for mange kan det ta litt meir tid å bli var på dei endringane som skjer. Det er derfor anbefalt å ta fleire timar innan ei kort periode første gongen. Mange kjenner på ei god ro etter ein ABM time®. Det kan kjennes som om ein kjem meir heim til seg sjølv. Foreldre kan observere at barnet er meir harmonisk og våken. Vaksne erfarer ofte ro, smertelindring, klarere tankar og auka kapasitet til å lære nye ting.
Privat undervisning
Ein privat time er 100% tilpassa den enkeltes student sine behov og evner. I ABM kallar vi kunden for student, da formålet med timen er å stimulere til erfaringsbasert læring. Studenten kan vere nokre få dagar gamal, over 100 år eller noko i mellom.Undervisninga vert gitt som ein kombinasjon av verbale instruksjoner, og små skånsomme rørsler utført av ABM® practitioner. ABM® hjelper med dette studenten å bli merksam på kva ho gjer, og indikerer samstundes alternative måtar. Ved hjelp av rørsler og dei 9 læringsprinsippa, hjelper ABM® Practitioner studenten å bli merksam på eigne rørsler og unødige spenningar kobla til rørsler utført på "autopilot". Dette åpner muligheter for nye rørsle - og tankemønstre som er meir effektive, og mindre belastande.
Gruppeundervisning
I ein gruppetime gjer ein rørslene sjølv, verbalt guida av ein ABM® Practitioner. Du vil bli informert om dei 9 læringsprinsippa, men det er opp til deg å praktisere dei. Gruppetimane gir god øving i å auke eigen evne til å sanse og observere seg sjølv på ein ikkje-dømmande måte, og bli bevisst tankar og handlingsmønstre. Det finnes ingen rett og gal måte å utføre rørslene på, og kva "naboen" gjer er irrelevant. Du har merksemda rette på kva du føler når du beveger deg.
Dersom du lider av fibromyalgi, ME eller kronisk utmatting, anbefales det å ta privattimar framfor å delta på gruppetimer. Da er det større rom for individuell tilpassing, både med tanke på lenge og frekvens på timen.
Intensivkurs & Retreat
Den mest effektive måten, og måten som oftest er brukt for barn, er å gjennomføre 4-10 stk timar innanfor ei tidsperiode på 2-5 dagar. Dette vert kalla "intensiv". Virkninga kan ein observere under timen, eller i etterkant når barnet utforsker verden og har meir rørsler tilgjengelig, eller virkar meir våken og tilgjengelig for læring. For vaksne er det også godt å legge timane nærme kvarandre, da det muliggjer fleire endringar og betre integrering av læringa. Etter ein intensiv er det anbefalt å ta ei rolig periode der nervesystemet kan få integrere den nye informasjonen. Ein bør ikkje bli frista til å kjøre på med ekstra trening om ein oppdager at barnet eller ein sjølv har ny funksjonalitet. Gi barnet, og deg sjølv, ro under og etter ein intensiv, for at endringane skal bli meir varige.
Ein Retreat er eit intensivt undervisningsprogram i ein lokasjon der ein kan få ro til å integrere læringa, i gruppe eller 1:1 format