top of page

Læring og utvikling i vaksen alder

Hjerna har evne til endring gjennom heile livet

Forskning innan nevroplastisitet konkluderer at hjerna kan, gitt dei rette vilkåra, omstrukturere seg sjølv på utrulige måtar, uansett alder. Dette skjer også hjå vaksne, ikkje berre for barn. Konseptet nevroplastisitet kjem frå annerkjenninga hjerna kan omstrukturere seg, som respons på nye erfaringar gjennom livet. Denne fantastiske eigenskapen er ikkje berre ansvarleg for vår evne til å lære nye ting og avlære gamle vanar, men det er også nøkkelen til å utløyse potensialet vi har til å bli friske etter traume, slag, eller sjukdommar som forstyrrar eller koblar ut noko av vår funksjon. Uansett om du "berre" har stiv nakke eller om du har meir alvorlige slitasjeskader, kan ABM® NeuroMovement® hjelpe deg i å få auka rørslefridom, med betre søvn og auka velvære som bonus.

 

ABM® NeuroMovement® kan også bli nytta av profesjonelle utøvarar som ønsker å løpe meir effektivt, eller prestere betre i sin sport. Eg tilbyr undervisning i ABM Neuromovement både til enkeltindivid og grupper. 

Man Walking in Fields

ABM® NeuroMovement® er egna for deg med

Ønske om å utføre ein sport betre og med mindre skader

Ønske om å unngå vondter pga stillesittende jobb

Spenninger og låsninger i musklatur

Kroniske smerter i rygg, nakke og skuldre

Balanse og koordinerings problem

Begrensa rørslefridom og stive ledd

Hjerneskade

Nevrologiske sjukdomar og slag

Fysiske begrensingar

Overbelastning og slitasjeskader

Smerter og rehabilitering etter traume, skader eller operasjonar

Plager relatert til alderdom

Utfordringar i forhold til konsentrasjon

Om du har fibromyalgi, ME eller kronisk utmattelse kan ABM® NeuroMovement® vere nyttig. Men her bør ein gå sakte fram, og tilpasse lengda på timen og tida i mellom til kvar enkelt.

 

Erfaringar fra privattimar med vaksne

Mann i 70 åra - 1 time

Eg kjenner armane kan bevege seg friare, og eg kan bøye meg mykje nærmare bakken. Det er ikkje lenger ei utfordring å klippe tåneglane!

​--------------------------------

Ryggoperert kvinne i 70 åra om læring i vaksen alder -  7 timar over 2 veker

Jeg fikk spondilolitese mellom L4 og L5 og spinal stenose i samme område, med påfølgende operasjon for avstiving. Rehabiliteringa gikk sakte, og muligheten til å gjøre aktiviteter jeg liker var begrenset pga smerter eller frykt for å bli ytterligere skadet. Metoden har gitt meg en mulighet til å bli kjent med kroppen min på en ny måte, gjennom å erfare ulike nye bevegelser og å kjenne etter hvordan kroppen responderer.

Jeg har høstet erfaringer både på det mentale og fysiske plan:
Jeg har erfart at føttene har blitt mere jorda, jeg står stødigere, jeg går mer avslappet, har bedre balanse.
Mannen min sier at jeg virker mer ledig i kroppen, beveger meg lettere og mer uanstrengt.
Jeg har fått større fart, selv om jeg faktisk har lært med å gjøre ting i saktere tempo. 
Jeg har i løpet av disse to ukene ikke brukt staver når jeg har gått turer, og har allikevel kjent med trygg. 
Jeg har greid å være mer konsentrert, og ha med hodet, når jeg er aktiv. 
Jeg har fått mer bevegelighet og er friere, tør mere.
Jeg har fått tilbake troa på at jeg kan gå mer på ski denne vinteren. 

Så tusen takk for erfaringene og framgangen du har gitt meg, Ann Iren, du er dyktig, omsorgsfull og genuint interessert i mennesker. Dette er har vært to uker med inspirasjon til videre utvikling, selv om jeg er en gammel dame. 

---------------------------------------

Mann i 40 åra med søvnproblem og vonde skuldre - 1 time

Eg har knesmerter frå 25 år fotballspeling, og har operert menisken i begge knea, men dei er framleis smertefulle dersom eg belastar dei for mykje. Eg har hatt smerter i begge skuldrene i same periode, med forkalkingar og senebetennelse i begge skuldre. Eg har "prøvd alt" bortsett frå operasjon: fysioterapi, fleire osteopatar, akupunktur, tradisjonell kinesisk medisin med kopping, akupunktur, massasje, ultralyd, kortisonsprøyter, av og til med midlertidig lindring, men smertene kjem alltid tilbake, så eg har berre akseptert å leve med det og unngår smertefulle rørsler, som å ha armane i vêret, måle, vaske vindauge for ofte, løfte kvinner i vêret på Dirty Dancing-måten :) Om eg hadde noko håp for ABM-økta, var det kanskje å sove betre. Eg sovnar lett, men eg får aldri ei god natts søvn. Eg vaknar ofte kl. 3-4-5 og trur det er morgon, og eg står opp trøytt fordi eg ikkje har sove nok...


ABM NeuroMovement var veldig mildt. Du inviterte meg til å gjere nokre rørsler, og såg raskt at bekken og bryst ikkje deltok i rørslene. Du gjorde nokre små rørsler på sentrale stadar slik at eg skulle bli merksam på at områda kan bevege seg for å avlaste mindre muskelgrupper i nakke og skuldre. Vi merka begge at kroppen min responderte godt, og etter berre ein time følte eg meg meir smidig. Eg hadde meir rørsle i skuldrene, eg kunne bevege meg meir utan smerte, og det er ganske magisk, synest eg, etter ei lita økt. Eg var ganske sliten etter økta, og la meg tidleg. Eg vakna tidleg som vanleg, men med meir smidighet i skuldrene, og eg er verkeleg imponert! Det er heilt fantastisk og eg håper det varer. Eg veit og reknar med at kroppen har ein tendens til å gå tilbake til gamle vanar, men eg har allereie bestemt meg for at eg vil ha ei økt til ved neste anledning for å lære meir!

----------------------

-

bottom of page