Kvifor virkar det?
9 Prinsipp for læring
Gjennom over 30 års arbeid med barn med spesialbehov, og utøvere som vil prestere bedre eller lege skader, har Anat Baniel observert og definert kva som skal til for at våre hjerner skaper nye koblingar. Koblingar som gir oss anledning til å utvikle oss eller endre mønster som ikkje lenger gagnar oss. Disse betingelsane har Baniel definert som the "9 essentials" - 9 betingelser eller prinsipp som gjer nervesystemet mottakelig for ny informasjon, og som gjer at informasjonen enklare vert omsatt til læring og utvikling. Dette arbeidet har Baniel gjort uavhengig av, men parallellt med, forskning på hjerneplastisitet, hjerna sin evne til å endre seg. Moderne hjerneforsking bekreftar Baniel sine funn, og Michael Merzenich, ein av verdas fremste hjerneforskarar og ein av dei første til å bevise hjerna sine formbare eigenskapar, bidreg i dag til at ABM® NeuroMovement® skal bli tilgjengelig for fleire.
Vårt perspektiv og nærvær er avgjerande
From Fixing to Connecting
Sentralt for ABM® er begrepet " from fixing to connecting". Det vil seie at vi møter våre medmennesker med et åpent sinn og respekterer dei slik dei er. Ved å fri oss fra å prøve å korrigere noko i oss sjølve eller andre, åpnes det opp for ein relasjon basert på respekt, tryggleik og tillit. Når det er på plass kan ein saman utforske dei mulighetene som ligger i våre formbare hjerner.
I ABM® skiller ein ikkje mellom kognitiv og motorisk utvikling. Det er ei hjerne som organiserer det heile til einkvar tid. Meir vesentlig enn kva ein ABM® NeuroMovement® Practitioner gjer, er måten han eller ho gjer det på. Gjennom ei lang utdanning trenar ABM® Practitioners opp sin sensitivitet og sin evne til ikkje-dømmande observasjon. Han/ho nyttar dei 9 prinsippa for læring for både seg sjølv og i interaksjon med sine studentar, som er det ein kallar klientar i ABM®, og læringa skjer gjennom rørsle og merksemd til rørslene. Rørsle er sentralt i alt vi foretar oss og alle opplevingar vi har. Ved å rette merksemda på våre rørsler, kva vi gjer og korleis det føles, gir vi hjerna vår anledning til å samle informasjon. Der det er rørsle, der er det endring. Og det er gjennom å oppfatte endring/ulikskapar, at hjerna kan gjere stimuli til nyttig informasjon. Og det er slik informasjon, oppfatning av endring, som gjer at hjerna kan utvikle seg og finne nye løysingar. Les meir om korleis ein ABM® time fungerer i praksis her
Prinsippa for læring hjelper oss å vende fokuset mot kva som fungerer og ekspandere derfra. Dei 9 prinsippa for læring blir til glede for alle involverte når ein har fått dei under huda. Dei gir oss anledning til å sjå livet som noko meir enn ein kamp for vårt barn eller utfordringane vi strever med, og frihet til å erfare noko anna.
Det er vanskelig å praktiserer disse prinsippene heile tida, men sjå om du kan øve litt på eit av dei om gongen i samvær med dine kjære eller dei du møter i jobben din. Du vil raskt sjå at gjennom å endre din måte å observere verden på, åpner du opp for at andre kan få vise sider av seg sjølv som du ellers ikkje ville blitt kjent med. Om du vil dykke djupare eller ha veiledning, ta kontakt med meg eller ein annan ABM® Practitioner, eller ta eit av Anat Baniel sine online kurs.
The Essentials - 9 prinsipp for læring
1 Rørsler og nærvær
Attention to movement
Bring merksemda di mot kva du føler når du beveger deg. Forskning har vist at nye koblinger i hjerna oppstår raskt når rørsler vert gjort med merksemd på det du kan sanse. Om tankane dine er ein annan stad er ikkje læringsprosessen like potent.
4 Skånsomt
Subtlety
Reduser kraften og intensiteten du benytter i dine rørsler, tankar og handlingar. Du vil da utvikle sensitiviteten og evnen til å oppfatte finere nyansar, og dermed lære meir, og kunne utvikle meir raffinerte, dvs meir differensierte, rørsler og tankar.
7 Læringsmodus
The learning switch
Hjerna er enten i læringsmodus eller ikkje. Stress, frykt og fatigue skrur kobler oss ut av læringsmodus. Komfort, tryggleik og at aktiviteter er meiningsfull for deg styrkar læring og varigheta av nye koblinger i
hjerna. Når du er våken og interessert er hjerna klar for ny læring. Når du eller barnet ditt er trøytt velg kvile framfor å prøve å lære noko.
2 Sakte
Slow
Skru ned tempoet for å gi hjerna bedre anledning til å plukke opp finare nyansar i rørslene. Det som er utført sakte vekker hjerna og stimulerer til utvikling av nye nettverk i hjerna. Når vi gjer ting raskt går vi inn i etablerte mønster. Skal vi lære noko nytt må vi introdusere det sakte
5 Entusiasme
Enthusiasm
Entusiasme er ein evne du kan trene. Det er her snakk om ein indre entusiasme meir enn høglydt jubel. Du kan velge å glede deg over små framskritt, og slik forsterke nye nervebaner i hjerna. Det du velger å fokuserer på og glede deg over får meir plass.
8 Fantasi og draumar
Imagination and dreams
Når vi fantaserer kan vi skape noko som ikkje var der før. Fantasi og draumar kan vere ein fruktbar måte å prøve ut nye ting på. Vi kan lære nye rørsler raskere ved å visualisere dei i forkant.
3 Variasjon
Variation
Variasjon er essensielt for læring da det gjer at vi kan erfare ein ting kontra ein annan. Ei rørsle kontra ei anna rørsle, ein farge kontra ein annen farge. Gjennom leik, "feiling" og utforsking gir vi hjerna langt meir informasjon og læring, enn om vi berre repeterer samme rørsla.
6 Fleksible mål
Flexible goals.
Våre hjerner er så komplekse at vi umulig kan forutsjå kva steg som skal til for at vi oppnår den læringa vi er ute etter. Om du visste korleis du skulle nå målet hadde du allereie gjort det. Sett deg ein intensjon, men hald målet litt laust. Omfavn det uventa og mulige "feilsteg". Dette er nyttige variasjonar på veg mot målet.
9 Bevissthet
Awareness
Bevissthet og å vere bevisst er ei handling. Når du er bevisst er du levande og tilstades. Hjerna jobber på på sitt høgaste nivå.